BlogglistenBlogglisten

Gratulere med dagen

Riktig god 17 mai morgon til deg som har tid å stikke innom bloggen på ein slik dag

For oss blir det ein rar 17 mai i dag. I 13 år har vi hatt korpsbarn i huset, men i år er det slutt og det har ikkje vore vekking av trøtte barn klokka halv seks om morgonen. Eg har riktignok stått opp tidlig i dag også, men det var for å køyre yngste jenta på jobb. Morgenstund har gull i munn og byen var stille og rolig klokka sju om morgonen, kun litt renovasjonsfolk var ute for å gjere siste innspurt. Ikkje ein einaste russ var å sjå heller. Plutselig høyrtes kanonskudd, det var nesten så eg skvatt i bilsetet, men det er tradisjon her i byen :-)

Flagget har eg heist og no skal eg kose meg litt kaffi før eg skal vere flink husmor å lage litt god mat. Mannen har jobba i natt og sønnen søv, så det er stille og rolig. I dag blir det ingen bunad heller. Elstejenta skal hentes på flyplassen i det toget har avmarsj her i bygda, så då gidd eg ikkje stresse med stryking av bunadsskjorte. Vi er invitert bort på kaffi i kveld, men det funker vel utan bunad også

 

 

Det her skulle egentlig vere bilde av turistskipet som i morgontimane reiste forbi oss på veg inn til Geiranger og har du godt syn kan du sikkert skimte det sånn ca midt på bildet



Tittei :-)

Berre ein snarvisitt innom for å seie at eg er her og alt er berre bra, men dagane er så tettpakka  at døgnet helst skulle hatt fleire timar og innimellom skulle eg kanskje ha delt meg i to også :-) 

Merkelig at alt skal skje på ein gong, men sånn er det no berre og det gjeld å henge med i svingane og ikkje gløyme å leve i nuet og nyte alt som skjer. Det meste er koselige ting som henting av yngstejenta, etterlag i konfirmasjonar og 50 årsdag til ei vennninne og innimellom er det jobbing. Klesvasken formerar seg med stormfart, skulle gjerne hatt ein prevensjon for den formeringa, merkelig at ingen har funne på det, men ingen går nakne endå, så då er det vel ingen krise

No er det ein dag jobbing til før 17 mai og då kjem elstejenta ein tur heim, det blir koselig. Laurdag er det bryllaup til ein niese og då gler eg meg til å bruke min nye "lady in red kjole"  Men no skal eg vere fornuftig å krype til køys, så får eg kose meg med å lese bloggar når dagane roar seg litt ned. Nattinatt :-)

PS, bildet over er frå gåturen min til jobb i dag. Nydelig ver i dag! Det er venta stygt ver på nasjonaldagen, men til helga skal visst sommaren kome på visitt

Fleire prosjekt :-)

God kveld i stova :-)

No skulle eg egentlig ha stått å stroke bunadsskjorte. Yngstejenta vil gjerne ha bunad på avslutninga på skulen og det skal ho få, så eg får heller stå opp 10 min før i morgo, eg jobbar best tidlig på dag og iallefall etter den veka som har gått. Trur både eg og mannen er så slitne som vi kanpt har vore på lange tider og kva skjer då når kveldsroa skulle ha senka seg. Jo, mannen oppdagar ein spikar i bakhjulet på bilen. Er det ikkje typisk?

Då er gode råd dyre og ein reddande engel i ein nevø sin kledning dukkar opp. Det er kjekt å ha ein bilmekanikar i familien som er hjelpsom, så då blir det skikkelig dekk til i morgo før vi køyrer for å hente heim jenta vår

På sofaen ligg dei tre strikkeprosjekta som er på pinnane no. Skal vise litt meir nærbilde etterkvart som dei forskjellige tinga blir ferdige. harepussokkane skal berre sys auge og nase på og sendast over helga. Skistrømpene ( i dette tilfelle båtsokkar) er nesten ferdig, men så gikk eg tom får lys grått garn, så dei får eg ferdigstille etter helga. Dermed blir det Picklesjakka som blir den heldige som får bli med på biltur og det er kanskje like greit for det er glattstrikk og fint å ha på pinnane i bilen.


 

Himmelsk # 84

Riktig god morgen :-)

I dag kan eg virkelig seie at det er deilig å stå opp og merke at kroppen igjen begynner å virke etter forkjølelsen. Skogen blir grønare og grønare for kvar dag som går og trea på bildet vil eg tru er heilt annleis no, to veker etter at dei blei foreviga

Maratonveka nærmar seg slutten og no gler vi oss til å få yngstejenta heim for sommaren, for ho blir det nok trist å avslutte folkehøgskuleåret, men sånn er livet, ein må avslutte ein ting for å kome seg vidare og til hausten ventar nye utfordringar, men først kan vi glede oss til å ha ho heime i sommar. Lykkeønskningar går til Wales også, der skal elstejenta ha den første av i alt tre eksamener i denne omgang Tvitvi :-)

Fleire himelske bilde finn du HER og kanskje blir du frista til å lage eit innlegg sjølv?

4987378325_b77095bd20_b[1]

Ikkje som planlagt

Denne veka har absolutt ikkje gått som planlagt. Etter ein koselig konfirmasjon (bildet over er av pynten der) følte eg meg ikkje heilt i form på søndagen. Utover dagen begynte kroppen å verke og halsen vart tjukkare og tjukkare. Det passar sjølvsagt aldri å bli sjuk, men denne veka hadde eg planlagt å vere heilt åleine på jobb med null backup i sikte, så  veka har gått vekk i ein døs, jobb og søvn og ingenting anna, men i kveld har eg åpna datamaskina og feberen er vekk, så då er nok pila oppadgåande. Gjett om eg gler meg til neste veke når yngstjenta kjem heim og skal jobbe



 

Mandagstema # 39

Tema i dag er FAVORITTMOTIV

Tja, kva er mitt favorittmotiv? Å ta bilde av fjell og fjord når eg er ute og går er vel eit av dei. Vi har ein flott natur som stadig skiftar ham og då er det artig å sjå kva som kjem fram når ein tømmer kameraet etterpå.

Dagens motiv er frå Havnevika, eit område som før var berre utmark, no er det i ferd med å bli ein bygdeby, slik som resten av området rundt oss, men innimellom nybygg og rot dukkar det opp  perler, slik som nausta her og fjella i bakgrunnen, der vi nesten kan skimte Ørsta innerst inne.

Fleire bilder frå mandagstema finn du HER

Fine dag :-)

God morgen :-)

Så var det søndag igjen og konfirmasjonen til nevøen min er over. Vi hadde ein kjempekoselig dag

Bildet over er av Stranda kirke der konfirmasjonen var i går. Der er eg døypt, konfirmert og gift :-) Ei vakker, men lita kirke som vart bygd opp igjen etter at eit ras frå fjellsida på andre sida av fjorden tok den gamle stavkirka som låg der i 1731. Flodbølger er ikkje uvanlig i fjorden her med andre ord. Jaja, sånt lyt en berre la vere å tenke på

I dag er det søndag og vi har tenkt å bruke dagen til å pusle litt heime, gå oss ein tur og ellers berre nyte at det er søndag. I kveld er det kamp i Molde mot erkerivalen til Aafk. Eit ekte fylkesderby.Skulle vel ha teke turen over fjorden til rosenes by, men sidan kampen ikkje startar før kl 20, får vi heller sjå den på TV. Det hadde sikkert ikkje vore enkelt å få bilettar heller. Måtte vi slå Molde, då hadde kvelden blitt bra :-)

Men no får vi kle oss godt og gå ein tur, gradestokken ligg rundt null grader og det er snøfiller i lufta

Fredagkveld i sofaen :-)

Fredagskvelden er endelig her, men eg har enda som eit slakt i sofaen. 32 timar på jobb på tre dagar er vel mykje, men akkurat no står eg på fordi eg ventar på at minstejenta skal bli ferdig på folkehøgskulen og kome heim for å jobbe. Vikaren min les til eksamen og vil jobbe  minst mulig, men i morgo tek ho heldigvis dagen slik at vi kan reise i konfirmasjon

Egentlig skulle eg ha laga potetsalat og strøke bunadskjorte, men akkurat no orkar eg ikkje å tenke tanken ein gong, så det får bli tidlig kveld. Om formiddagen har eg alltid mest arbeidslyst og konfirmanten skal ikkje vere i kirka før klokka 14. Kvar konfirmant har berre ein benk i kirka, så vi har sagt at vi kan ofre oss, slik at besteforeldre og faddera får plass. Det er ein merkelig skikk syns no eg, festen startar i kirka og det blir litt rart å ikkje få med seg høgtidsstunda der.

Resten av kvelden skal eg strikke og nyte den flotte kvelden med måneskin. Akkurat slik ser utsikta ut frå strikke/TV-kroken min. Eg klagar absolutt ikkje :-)

Himmelsk # 83

4987378325_b77095bd20_b[1]Hos Petunia er temaet i Himmelsk i dag SKYER




Dagens himmelske bilder er egentlig same skyene som eg viste sist veke, men frå ein anna plass. Ikkje kvar dag ein ser slike formasjonar

I kveld heng tåka langt ned i fjella og det er nok ein gong meldt kaldt og kanskje snø? HUFF og DOBBELT HUFF

Det er snart helg igjen, med 1 mai midt i veka føles det berre som tirsdag i dag, men det er ein arbeidsdag igjen og så skal vi i konfirmasjon på laurdag. Det blir veldig koselig. Gler meg, alltid koselig å treffe famile :-)

Pickles.no

Jakka som eg held på å strikke no er ei picklesoppskrift

Eg har så vidt vore innom nettstaden før, men egentlig aldri lagt merke til den. Men etter å ha begynt på jakka som er strikka i Abeulita (baby merinoull) og silkemohair har eg blitt nysgjerrig. Garnet er nemlig kjempedeilig og mjukt og fint å strikke av. Jentene som driv Pickles selge garn og legg ut gratis oppskrifter. Det er mykje fristande som eg kunne tenkt meg å bestille og det kjem eg nok til å gjere etterkvart. Det er eksklusivt garn som dei bestiller inn i små mengder

Ta turen innom Pickles du også og la deg inspirere :-)

Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
venkesstrikk

venkesstrikk

46, Ålesund

Mitt navn er Venke,eg er 46 år er gift og har tre barn på 15, 19 og 21 år. Min store lidenskap er strikking. På bloggen min vil eg gjerne vise fram litt av det eg lagar, kanskje til inspirasjon for andre? Eg strikkar gjerne på bestiliing, send evt mail til venk@online.no Besøk min Epla-butikk http://venkesstrikk.epla.no

Norske blogger free counters 761144 820659 846669 893040 http://epla.no/shops/venkesstrikk/ Strikkeblogger

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits