Sokk på sokk

Her går det i sokkestrikking om dagen og jammen fekk eg inn eit salg på Eplabutikken min også i går. No er det lenge sidan eg har lagt inn noko nytt der, men plutselig får eg eit salg eller to likevel
http://epla.no/shops/venkesstrikk/ Dette er adr om nokon vil ta ein titt. Eg har enno ikkje lært meg å linke direkte via mobilbloggen, så om nokon kan det hadde det vore kjekt å visst oppskrifta. Frå datamaskina er det ikkje eit problem, men det blir stort sett blogging frå mobilen

Dette er dei to para som har fått ny eigar denne gongen.
Ellers er det frilaurdag i dag og vi har rydda litt på mørkeloftet. Vi har køyrd eit lass på søpla og kjøpt inn materiale til å legge golv. Det er over tjue år sidan vi flytta inn i huset, så det er jammen på tide å få lagt det golvet. Det er plan en på loftprosjektet vårt, så får vi ta ting litt etter litt, men vi er i gang, så får det ta den tid det tar. Trur ikkje vi kjem så veldig langt på denne sida av året, iallefall ikkje med hjelp av meg for snart startar den mest hektiske tida i butikkbransjen

3 kommentarer

fruensvilje

09.11.2013 kl.17:51

kjekt når en får omsetning for noe når en har lagt ned arbeid i å produsere for salg :))sokker er alltid kjekt å få.

Dere får ha lykke til med gulvet,kjenner igjen det med att ting tar tid :)

gretashobby

09.11.2013 kl.19:02

Kjekt å få solgt på epla. Eg har ikkje fått butikken min opp å gå att etter ein måtte legge inn att tinga på nytt.

får finne ut kva eg skal gjere emd lageret mitt. det er ikkje så stort.

Kjekt emd frilørdag der ein kan gjere forefallende og slikt. Det blir nok bra golv til slutt. Fin søndag til deg

strikkogtov

09.11.2013 kl.20:24

Så fint at du har fått solgt på epla. :) Lykke til med loftsprosjektet. Tror flere har erfart at slik tar tid.

synnovesyr

10.11.2013 kl.01:00

Moro med salg på epla,regner med at mottaker blir fornøyd med de fine sokkene:)

Skriv en ny kommentar

venkesstrikk

venkesstrikk

47, Ålesund

Mitt navn er Venke,eg er 46 år er gift og har tre barn på 15, 19 og 21 år. Min store lidenskap er strikking. På bloggen min vil eg gjerne vise fram litt av det eg lagar, kanskje til inspirasjon for andre? Eg strikkar gjerne på bestiliing, send evt mail til venk@online.no Besøk min Epla-butikk http://venkesstrikk.epla.no

Norske blogger free counters 761144 820659 846669 893040 http://epla.no/shops/venkesstrikk/ Strikkeblogger

Kategorier

Arkiv

hits