Skjørt i angora

Det er ikkje så ofte eg strikkar til meg sjølv. Ofte blir det med tanken. No har eg planar om ei jakke med rund sal,  men det er så mykje å velge i. Nokon som har ein god ide?
I vinter har eg strikka meg skjørt

Hadde liggande nokre nøster av Pickles angora. Trur eg hadde planar om ein genser då eg kjøpte garnet, men så vart det skjørt istadenfor. Mønsteret ligg på www.garnstudio.com og har nr 156-8

Slik vart skjørtet på :)
Litt av strikkeplanane mine for vinteren er å slanke garnlageret. Å strikke jakke er vel ikkje akkurat i den kategorien, men å fryse på jobb er ikkje kjekt, så då får det gå under nødvendighetskategorien. Hehe. Det fins alltid ei unnskyldning :)
Og no har jammen blogglysta kome tilbake også, så tusen takk for alle hyggelige kommentarer dei siste dagane. Kjempekoselig:)

4 kommentarer

frodith

03.02.2015 kl.19:55

Det ble kjempefint til deg da :-) Du har figurene til å kunne gå i sånt også :-)

Fru Stussli

03.02.2015 kl.20:20

Det var kjempefint til deg!

Hjemmelaget er aller best :-)

fruensvilje

03.02.2015 kl.20:22

så fint det skjørtet var da,og så slank og fin som du er så kler du jo alt :)) det er en nydelig fin jakke i siste utgave av lev landlig :))

gretashobby

03.02.2015 kl.22:19

så kjekt at du ahr fått att blogglysta. Slikt liker eg å høre :). Eller lese da hihi.

Dei har flere fine jakker på drops med rund sal tror eg. Er ei der som eg lurer på å lage til emg sjølv til neste vinter. Får sjå.

Veldig fint skjørt. Du er jo så slank og fin, så du kler alt da. Men dette såg veldig bra ut.

Tror alle ahr planer om garn slanking i år. Vi får sjå om det er det samme til enste år. HA ei fortsatt fin uke

Skriv en ny kommentar

hits